Informasjon til føresette med born i barnehagar i Tokke kommune og til dei som søkjer barnehageplass.
Du må no søkje om barnehageplass i Visma Flyt barnehage sin foresattportal. Det gjeld om du søkjer for fyrste gong, søkjer endring av plass eller søkjer om overføring til annan barnehage i kommunen.
Her fylgjer informasjon om korleis du loggar deg på foresattportalen og korleis du i portalen legg inn søknad om barnehageplass.
Under barnehage ligg det ein link direkte til Visma Flyt Barnehage Foresattportal: https://barnehage.visma.no/Tokke
Ved å klikke på linken kjem du til innloggingssida i foresattportalen. Du loggar deg inn med elektronisk ID via ID-porten.
I foresattportalen kan du velje nynorsk, bokmål eller engelsk som språk.
Søknaden har fylgjande trinn der føresette må leggje inn informasjon:
Opplysningar om barnet
- Fødselsnummer
- Namn (Fornamn, mellomnamn) (etternamn)
1. Kontaktopplysningar om føresette
- Relasjon til barnet
- Mobiltelefonnummer
- E-postadresse
- Legg til annan føresett / medsøkjar
2. Vel barnehage
- Ynskje om startsdato
- Barnehagar i prioritert rekkefylgje
- Plasstype: Full plass 5 dg, 4 dg, 3 dg, 2 dg
3. Andre opplysningar
- Morsmål
- Opptaksinformasjon
- Krav til eventuell dokumentasjon
- Andre opplysningar
Søknaden sendast elektronisk, direkte til foresattportalen i Visma Flyt Barnehage, og til administrasjonen i kommunen. Når søknaden er sendt vil du få ei stadfesting på epostadressa du har gjeve opp i søknaden.
Dersom du treng hjelp til søknaden i foresattportalen kan du vende deg til styrar i barnehagen eller oppvekstetaten i kommunen.
Tlf. 35075200 Sentralbord, Tokke kommune.
Lukke til!
Velkomen som søkjar til barnehageplass i Tokke kommune.