Tokke kommune har spennande planar for å gjere Ravnejuv endå meir tilgjengeleg og attraktivt som reisemål. Vi er så smått i gang med å planleggje eit spektakulært utsiktspunkt ved Ravnejuv, der målet er å skape ei unik oppleving for alle som besøker staden. Det er viktig å understreke at prosjektet enno er i tidleg planleggingsfase.
I september inviterer vi entreprenørnæringa til å tenke saman med oss. I oktober skal politikarane i kommunen få presentert dei førebelse undersøkingane, og på kommunestyremøtet skal dei ta stilling til om det skal løyvast midlar til vidare prosjektarbeid. Målet med dette prosjektet er å styrke Tokke og Dalen som reisemål, og samstundes sørge for at opplevinga blir tilgjengeleg for alle, uansett funksjonsevne.
Tokke kommune er svært bevisste på at all tilrettelegging skal skje med respekt for naturen. Vi ønsker å skape eit utsiktspunkt som underordnar seg det storslåtte landskapet, utan å forringe det som gjer Ravnejuv så spesielt. Tilrettelegginga skal skje på naturen sine premissar.
Intern prosjektgruppe i Tokke kommune samarbeider med prosjektutviklarane i HØGDE AS, Monica Sølyst og Birgith R. Lunden, for å sikre at prosjektet blir grundig planlagt. Vi ønskjer å informere innbyggjarane våre tidleg i prosessen. Når vi kjem lenger i planlegginga, vil vi invitere til eit informasjonsmøte der alle interesserte kan få meir innsikt i prosjektet.
Vi ser fram til å dele meir informasjon med dykk etter kvart som prosjektet utviklar seg.
Kontaktpersonar i Tokke kommune er Elisabeth Spockeli og Jenny Fetveit.