Kva betyr dette for deg? Ditt bidrag kan spele ei viktig rolle i utforminga av prosjektet. Ved å delta i denne prosessen får du moglegheit til å påverke løysingane som blir valde, vise fram di ekspertise og kan hende få nye samarbeidspartnerar. Dette kan også styrke sjansane dine for å bli involvert i gjennomføringa av prosjektet.
Bakgrunn for prosjektet Ravnejuv har vore eit populært reisemål i over hundre år, kjent for den storslåtte utsikta og naturen. No ønskjer vi å gjere området meir tilgjengeleg og trygt for alle besøkande. Planen er å byggje ein universell gangveg frå parkeringsplassen til juvet, og eit nytt utsiktspunkt som forsterkar det vakre landskapet.
Bli med frå starten – di innsikt er viktig Vi ynskjer involvere lokale entreprenørar tidleg i prosessen. Din innsikt, erfaring og kreativitet kan hjelpe oss med å finne dei beste løysingane kring t.d. konstruksjon, fundamentering og materialval mm. Vi trur dette vil gje eit betre sluttresultat og gje deg ein verdifull posisjon i prosjektet. Du vil få innsikt i prosjektet, forventningar og planlagt tidsperspektiv.
Innspelskonferanse på Dalen Du er hjarteleg velkommen til å delta på Innspelskonferansen på Dalen den 12. september 2024. Her vil dine idear og løysingar bli høyrde og diskuterte, noko som kan gje deg ein fordel i den vidare anbodssituasjonen.
Detaljar om arrangementet:
- Dato: 12. september 2024
- Tid: 09:00 - 13:00
- Stad: Oppmøte ved Ravnejuv (parkering) for synfaring, lunsj og konferanse på Hotel Dalen.
- Påmelding: Meld deg på innan 10. september 2024 ved å sende ein e-post til prosjektleiar Monica Sølyst på monica@hoegde.no.
Vi ser fram til dine innspel. Saman kan vi skape noko heilt unikt som vil setje Tokke kommune og Vest-Telemark på kartet som ein endå meir attraktiv destinasjon.
Med venleg helsing,
Elisabeth Spockeli og Jenny Fetveit
Prosjektgruppe Ravnejuv, Tokke kommune