Informasjon til potensielle søkjarar av spelemidlar 2025.
Sett dykk godt inn i retningslinene for ordninga. Tokke kommune anbefaler at dykk som skal søkje bruker desse nettstadene:
Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet
Anleggsregisteret
Gode idrettsanlegg
Måla med ordninga
Spelemidlar skal bidra til infrastruktur som gjev befolkninga moglegheit til å drive fysisk aktivitet i eigen regi eller i den frivillige medlemsbaserte idretten.
Anlegg i lokalmiljøet som stimulerer born og unges behov for fysisk aktivitet i organiserte eller eigenorganiserte former prioriterast særskilt, det er og eit mål å utvikle anlegg som tilfredsstiller ungdoms behov for utfordringar og variasjon.
Send inn søknad ved å bruke denne lenka, eller gå til anleggsregisteret og finn søknadsskjemaet.
Hugs å registrere søknaden på anleggsregisteret.no innan 13. oktober 2024.
Har du spørsmål kring ordninga kan du kontakte Jan Olav Hemsing, telefon: 90 72 49 81, epost: jan.olav.hemsing@tokke.kommune.no