Dei seiste dagane har skogbrannfaren auka drastisk i Sør-Norge, og det er knusktørt i terrenget i store deler av Sør-Norge. Brannvesenet fraråder nå på det sterkeste å tenne bål eller grille i skog og mark! Kun ein liten gnist kan starte ein stor brann.
Det er ein fortløpende vurdering om vi med lokal forskrift innfører totalforbud.
Den internasjonale langtids-værmeldingstjenesten EFFIS og Meteorologisk institutt synliggjer at eit vedvarande høgtrykk med temperaturar over normalen vil ligge over Sør-Norge fram til midten av juli. Mangel på nedbør og tørt terreng gjer at faren for brannar i skog og kratt har blitt veldig stor.
Dette medfører eit særlig strengt aktsomhetsnivå og det vil mange stader vere uforsvarlig å gjere opp open ild utandørs. Dette omfattar for eksempel bruk av eingangsgrillar og andre bål- og peisinnretningar, og handtering av brannfarleg avfall og lignande. Dette for å hindre faren for uynska opptenning og spreiing.
Brannvesenet har den siste tida merka ei auke av unødvendige utrykningar til bål- og bråtebrannar som har kome ut av kontroll.
Brannsjefane oppfordrar alle til å respektere den tydelege oppmodninga om å ikkje bruke open ild, og samtidig bidrage til den nasjonale dugnaden for at samfunnet skal vere mest mogleg trygt og godt.
Grilling i eigen hage og hustomt er definert som innmark og er tillate, men er ikkje unnateke aktsomhetsnormen.
Ein gjer oppmerksom på at skader som eventuelt skulle oppstå som fylje av bruk av ild eller annan aktivitet som fører til brann, kan medføre straffeansvar.
Takk for at du bidreg.
Brannsjefane i Telemark
Skogsdrift og skjøtsel i skogbrannsesongen
Skognæringen er viktig for sysselsetting og verdiskapning nasjonalt og lokalt. Næringen er avhengig av drift og råstoffleveranser gjennom heile året .
Retningsliner for skogdrift i skogbrannsesongen. (PDF, 486 kB)