Tokke kommune har ledig 100% fast stilling som styrar ved Byrte barnehage frå 01.02 - 2025.

Tokke kommune har sett fokus på fagleg utvikling, med ulike pedagogiske innfallsvinklar. Kollektiv kompetanseutvikling står sentralt – betre tverrfagleg innsats (BTI).

Barnehagane i Tokke er opptekne av å vera ein inkluderande barnehage for alle, og ha eit godt miljø med mange aktivitetar for borna.

Frå hausten 2023 vart barnehagane i Tokke «Liv og røre barnehagar».

Mål: Fremje helse, trivsel og inkludering som grunnlag for læring og livsmestring. Dette gjennom fysisk aktivitet / bevegelseglede og kosthald /matglede

 

Byrte barnehage

Byrte barnehage er ein 1 avdelings barnehage med plass til inntil 12 barn (avhengig av alder på barna). Vi har barn i alderen 1 - 6 år. Barnehagen er ein del av Byrte samfunnshus med flotte turområder, badeplass og skiløyper i nærleiken. Barnehagen er open måndag, tysdag, onsdag og fredag kl 07.30 – 16.30.

Det er totalt 3 tilsette (inkludert styrar) i Byrte barnehage med ei ressursramme på 235%. Byrte barnehage samarbeider noko med Dalen barnehage i høve kunnskap – og utviklingsarbeid. 

Vi legg vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:

  •  Barnhagelærarutdanning
  •  Utdanning innan leiing og leiarerfaring er ønskjeleg.
  •  Evne til å inspirere og motivere
  •  Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
  •  Stor arbeidskapasitet og evne til å arbeide sjølvstendig og i team

Vi kan tilby:

  •  Løn og tilsetjing på kommunale vilkår
  •  Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat
  •  Eit godt arbeidsmiljø
  •  Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  •  

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi i Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med styrar, Beate Lippert, 

E-post: Beate.Lippert@tokke.kommune.no  

Mob.: 928 63 304

Søknad sendast på elektronisk skjema. Lenke til skjema finn du her, eller på ei lenke rett under tittelen Ledige stillingar.

 

Søknadsfrist: 27.11.2024

Velkomen som søkjar!