​Svartelista plantar er plantar som ikkje er ein naturleg del av norsk natur. Desse plantane spreier seg aggressivt, er livskraftige og dannar tette bestandar som fortrengjer andre vekstar. Fleire av plantane på svartelista er vanlege hageplantar som har spreidd seg ut i naturen og kallast «hagerømlingar». For å redusere spreiinga av slike artar (til dømes hagelupin og parkslirekne), må ein kvitte seg med både planterestar og frø på ein sikker måte. Ofte blir slikt hageavfall køyrd bak uthusveggen eller kasta i søpla. Frøa til mange av dei svartelista plantene er hardføre, og kan såleis bli spreidd om ein ikkje tek omsyn til dette.

Renovest har no sett ut eigne conteinarar for slik avfall på alle dei bemanna avfallsanlegga. Dermed kan privatpersonar pakke planterestar og frø i plastsekkar og levere det m.a. på mottaket på Vistadmoen på Dalen. Bli med på dugnaden for å hindre spreiinga av slike «bøllefrø»!

 

Svartelista planter kan du levere hos Renovest - Renovest

 

 

 

 

bøllefrø.jpg