Statleg sikra friluftsområder skal sikre friluftsinteressene til allmenta. Miljødirektoratet har laga eigne rettleierar for forvalting av slike område. Utdrag frå Miljødirektoratet sine sider: «Utgangspunktet for all forvaltning av statlig sikrede friluftslivsområder er at de er sikret for allmennhetens friluftslivsutøvelse. De skal forvaltes slik at de ivaretas til dette formålet, og de skal være tilgjengelige og attraktive å bruke.»
Området på Tangane er også ei viktig naturtype, såkalla flaumpåverka oreskog. Miljødirektoratet utarbeider eigne faktaark for slike naturtyper med mellom anna «råd om skjøtsel og hensyn». Om Tangane står det: «Gran- og bjørkeskog vurderes som i hovedsak en sekundær-skog, og bør holdes tilbake.» Verdien i denne naturtypa ligg i oreskogen, medan furu er på veg til å ta over. Det er ynskjeleg å ta ut gran og ein del bjørk, samt tynne noko i furuskogen for å ivareta verdiane som ligg i flaumpåverka oreskog.
I samband med bygging av Soria Moria blei det utarbeid ein eigen skjøtselplan for Tangane. Eit av skjøtselstiltaka her er bruk av beitedyr. Det vil difor også i 2023 gå geitar på Tangane. Det vil bli fleire geitar, og dei vil gå over eit større område.
Vi har starta med rydding av busk og kratt, og vil etter kvart også ta ut nokre større tre. Det var i utgangspunktet vurdera at desse trea skulle takast ut med hogstmaskin, men det er nå bestemt at hogst skal skje gradvis og manuelt. Årsaken er å legge til rette for geitane som skal beite, men også gjere området meir tilgjengeleg for allmenta.
Er det spørsmål kan dykk ta kontakt med skog- og utmarksrådgjevar Per Wraa på telefon 35 07 52 44