Leilegheitene er lettstelte, dei har rom løysingar på eit plan, og kan nyttast av rullestolbrukarar.
Våre tilrettelagde bustader på Dalen, ved Høydalsmo alderspensjonat, og ved omsorgssenteret, vil bidraga til at den einskilde kan meistre daglege gjeremål, og oppretthalde sitt funksjonsnivå lengst råd.
Alle som bur i tilrettelagde husvære vert rekna som heimebuande og betalar husleige.
Tilrettelagde leilegheiter på Dalen
I sentrum på Dalen, ved sida av Tokke helsesenter har vi 9 tilrettelagde bustader. Desse leilegheitene har ikkje fast bemanning, men får tilsyn og hjelp frå heimesjukepleia etter vedtak og trong.
Tokke Omsorgssenter
Omsorgssenteret ligg på Dalen og er ei samling av kommunale bustader under same tak, og med fellesareal.
Ved omsorgssenteret er det 15 leilegheiter, bebuarane, betalar her husleige og er mottakarar av kommunale tenester på lik linje som andre innbyggarar i Tokke. Ved omsorgssenteret er det fast personale til stades både dag og natt
Høydalsmo Alderspensjonat
Ved Høydalsmo alderspensjonat har vi 10 leilegheiter. Desse leilegheitene er også tiltenkt menneske som grunna helsemessige årsaker har trong for tilrettelegging.
I Høydalsmo har vi ikkje tilsett fast personale, utanom to dagar i veka, desse to dagane har heimehjelp fast tilhald ved pensjonatet. Tilsette frå heimesjukepleia er innom morgon og kveld, og elles etter trong.
Tryggleiksalarm
Eldre og uføre som bur heime kan søkje om tryggleiksalarm for å kjenne seg trygge på at dei kan få hjelp dersom noko akutt skulle inntreffe, til dømes fall. Tryggleiksalarm har ein fast abonnentspris i månaden.
Søknad om teneste
Vedtak om heimeteneste i kommunen avgjerast av tiltaksteam etter vurdering i høve til helse og omsorgstenestelova. Vedtaket er eit enkelt vedtak i høve til søknad om tenestar. Det er nødvendig å kartlegge din trong for hjelp.
Det er din medisinske tilstand og funksjonsnivå som ligg til grunn ved behovsvurderinga.
Du kan få søknadsskjema og eventuell hjelp med din søknad ved å kontakte tildelingskontoret.
Send søknad til:
Tokke kommune
Helse- og omsorgsetaten v/tildelingskontoret
Revahaugvegen 6
3880 Dalen