17. februar 2022 løyvde Stortinget 250 millionar kroner til frivillige organisasjonar som fylgje av ekstraordinære straumprisar, til fordeling i kommunar som hadde ein gjennomsnittleg straumpris i desember på over 70 øre per kWt. Frivillige organisasjonar i Tokke kan søkje på dette.

 

Krav til organisasjonar som mottek tilskot gjennom kommunane:

  • Alle frivillige organisasjonar som er registrert i Frivillighetsregisteret kan få tilskot.
  • Andre verksemder som er eigd av frivillige organisasjonar og har utgifter til straum eller fjernvarme kan få tilskot. Det gjeld til dømes i dei tilfella der eit idrettslag har oppretta eit aksjeselskap for å drifte idrettsanlegget. Det vesentlege er at frivillige organisasjonar (og tilknytta verksemder) som har straum- eller fjernvarmekostnadar får tilskot, uavhengig av korleis eigarskap og driftsform på verksemda som har straum- eller fjernvarmeavtala er organisert.
  • Andre verksemder med vesentleg innslag av frivillig verksemd kan søke om tilskot. Det gjeld til dømes grendehus eigd av samvirke der frivillig innsats er avgjerande for drifta. Kommunen skal gjere ei konkret vurdering av om verksemda reknast som frivillig drive.
  • Organisasjonar som leiger lokale der dei dekker løpande straum- eller fjernvarmekostnader kan også søke.
  • Alle søkarar må kunne dokumentere utgifter til straum eller fjernvarme.

 

Kommunale eller kommersielle verksemder kan ikkje få tilskot. Det er ikkje høve til å få dekka auka straumutgifter i private heimar.

Frivillige organisasjonar som ynskjer å søkje må gjere det via Lotteri- og stiftelsestilsynet sitt nasjonale søknadsskjema her http://www.lottstift.no/stromstotte

I søknaden må ein opplyse fylgjande:

  • Namn på organisasjonen
  • Organisasjonsnummer
  • Kontaktinformasjon
  • Kontonummer
  • KWt forbruk desember og januar
  • Straum- eller fjernvarmerekning for desember og januar som vedlegg