Bygging av nytt bustadhus utanfor regulert område:
Ungdom under 35 år som bygger eigen bustad. Bustad må vere på minst 75 m2.
Tilskot kr. 100 000.
Kjøp av bustadhus til ungdom under 35 år:
Dersom du kjøper bustad for fyrste gong og er under 35 år gjevast det 10% tilskot av kjøpesum, maks kr 60 000. Kopi av tinglyst skjøte leggast ved søknaden.
Utbetr/restaurering av bustadhus til ungdom under 35 år:
Bustadhus må vere eldre enn 25 år og areal på minst 75 m2.
Søkjar må legge fram plan for kva som skal gjerast.
Tilskot er 10% av dokumenterte kostnader, eigenandel kr 150 000 vert trekt frå kostnad.
Tilskot maks kr 60 000.
Vassanlegg:
Anlegg til nye bustadhus, og utbetring av eksisterande anlegg:
Tilskot til nyanlegg 30%, og utbetr. av eks.anlegg 25 % maks kr 25 000, av dokumenterte kostnader. Vatnet skal fylle krava til godt drikkevatn, og analyseresultat skal leggast fram.
Kloakkanlegg:
Tilskotssatsar private kloakkanlegg til nye bustadhus eller til eksistrande hus der det ikkje er anlegg frå før. Anlegget skal byggast i samsvar med gjeve utsleppsløyve.
Septik m/infiltrasjon kr 25 000
Septik m/sandfiltergrøft/sandfilterbasseng kr 30 000
Biologisk/kjemisk renseanlegg kr 35 000.
Utbetring av eksisterande kloakkanlegg:
Anlegget skal byggast i samsvar med gjeve utsleppsløyve. Dokumentasjon av kostnader leggast fram.
Septik m/infiltrasjon – 30% tilskot maks kr 25 000
Septik m/sandfiltergrøft/sandfilterbasseng – 50% tilskot maks kr 30 000
Biologisk/kjemisk renseanlegg – 60% tilskot maks kr 35 000.
Meir informasjon og søknadsskjema finn du her
Ta kontakt med Liv, tlf. 35 07 52 63 eller e-post liv.ellen.beck@tokke.kommune.no dersom du har spørsmål.