Under tilsynet vart det avdekt fem avvik:

1.           Kommunen manglar plan for oppfylgjing av samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet.

2.           Beredskapsplanen er mangelfull.

3.           Beredskapsplanen er ikkje revidert/oppdatert.

4.           Kommunen har ikkje øvd beredskapsplanen slik forskrifta krev, og det manglar eit system for opplæring.

5.           Kommunen evaluerer ikkje etter øvingar eller hendingar.

 

Som positivt vart fylgjande trekt fram i rapporten:

Brei og god deltaking i utfyllinga av kartleggingsskjema (med unntak av sosialdelen)

Fint moment i beredskapsplanen med at lokal bensinstasjon blir brukt til å informere reisande ved hending i kommunen

Fint at scenario med straumbrot er analysert grundig

Kommunen har innanfor kommunalområdet helse og omsorg ein god struktur for krisehandtering med eigen beredskapsgruppe

Fin prosedyre for flaumsikringa på Buøy

 

Utfordringar som er trekt fram i rapporten:

Tynt med informasjon på kommunen si nettside. Ikkje informasjon om oppmøteplass ved utfall av EKOM (sjølv om dette er etablert). Mangelfull informasjon om jodtablettar.

Det finst ressursar som kommunen kan nytte under hendingar, men som ikkje inngår i planverket (til dømes mobile naudstraumsaggregat på Buøy).

 

Tokke kommune vil no arbeide med tiltak for å lukke avvika fram mot juni 2025.