Kommunelegen i Tokke har i to omgangar gjort hastevedtak om strengare innreisereglar og utvida karantenepåbod.
1.april får formannskapet ei tilleggssak med spørsmål om å vedta ei tilsvarande ny lokal forskrift som skal gjelde til over påske.
I forslaget frå rådmannen vert det tilrådd å vidareføre innreiseforbodet for fritidsbesøk og forlenge dei utvida karantenereglane for fastbuande. Dvs at ingen som bur utanfor unntaksona kan koma på fritidsbesøk til Tokke, og om ein Tokkebuar reiser ut av unntakssona (Vest-Telemark, Tinn, Hjartdal, Notodden og Midt-Telemark) så må han/ho i 14 dagars karantene ved heimkomst.
Næringslivet både i Tokke og utanfor vert i liten grad ramma av forslaget til ny forskrift, det er fritidsreiser og fritidsbesøk som får strengare vilkår samanlikna med dei nasjonale reglane.
Saksdokumenta er under godkjenning, og du vil etter kl 17 i dag (tentativt) finne saka på vanleg stad på heimestida under «Sakskart, møtebøkar og utval».