Alle innsendte testprøver for covid-19 virus som gjalt helse- og omsorgstenesta og bebuarar på helsesenteret er negative.
Kommunen kan difor opne helsesenteret for besøk att frå og med i dag 22.12 - og med desse reglane:
- Besøkstid 13 – 14 og 17 – 18 kvar dag.
- Gjennomfør besøket på rommet – ikkje i fellesarealet.
- Besøkande må vere friske, registrere seg når ein kjem og nytte munnbind under besøket.
Elles fylgje dei generelle smittevernsreglane med 1 meters avstand og god hoste- og handhygiene.
Med ynskje om ei god og smittefri jol.