I UNICEF sin kommuneanalyse for 2021 for oppvekstvilkår til barn og unge kjem Tokke på topp. Det er prioritering innanfor fylgjande fem område; barnehage, skule, barnevern, helsetenester og kulturtilbod som danner grunnlaget for rapporten.
Kommuneanalysen 2021 avdekkar nok ein gong at det er store forskjellar i korleis norske kommunar prioriterar tenester til barn og unge.
Den viser for eksempel at:
Veks du opp i Tokke kommune, har du større sjanse for å få god tilgang og kvalitet på barnehage, skule, helsetenester, barnevern og kulturtilbod enn barn i Nittedal.
Medan alle barn i Modalen er sikra barnehageplass (136 prosent), kan Lebesby bare garantere plass til under 70 prosent av barna mellom 1 og 5 år.
I Bergen fikk 78,20 prosent av dei nyfødte heimmebesøk av helsetenesten innan to veker, som er lovpålagt i Norge. Dette er tre gonger så mange som i Trondheim, som bare oppfyller kravet i 23,10 prosent av tilfella.
Vi meiner at forskjellane er alt for for store.
Adressen skal ikkje avgjere kva oppvekst barn får.