Dette sertifikatet stadfestar at vi har etablert eit solid miljøleiingssystem og oppfyller strenge krav innan fleire viktige område, som avfallshandtering og ombruk, energi, innkjøp, transport og arbeidsmiljø.
Miljøsertifiseringa krev at vi aktivt forankrar miljøarbeidet i alle ledd og jobbar målretta for kontinuerleg forbetring.
Kvart år skal vi rapportere miljøresultata våre, som også vil bli offentleggjorde for innbyggjarane. Med denne sertifiseringa tek Tokke kommune eit viktig steg mot ein berekraftig framtid og viser vårt ansvar for både lokalsamfunnet og miljøet.