Eldrerådet i Tokke markerte FN sin eldredag 1.okt i Tokke kulturhus. Leiar av eldrerådet Tahar Haddad, leia gjennomføringa, og det var om lag 40 som deltok.
Kulturskulen i Tokke bidrog med songinnslag, og Frode Moltemyr stod for underhaldning med kjente songar.
Varaordførar Camilla Lagergren Knutsen heldt tale for dagen, og dela ut prisen som «årets pensjonist». Prisen i år gjekk til Frauke Wiens, for hennar frivillige innsats for å aktivisere dei som bur på helsesenteret i kommunen.
Det vart servert god lapskaus levert av kjøkenet på Vest-Telemark museum, med etterfylgjande kaffi og kaker.
Arrangementet tok til kl 13 og vart avslutta om lag kl 17 med loddsal og trekning av gevinstar.