På måndag var det ei flott feiring i Gullbjørgsalen for elevar og lærarar ved Tokke skule. Åsne Midtbø Aas frå Dysleksi Norge dela ut synleg bevis for arbeidet som skulen har lagt ned for å bli dysleksivennleg. 1-4klasse underheldt med song, rektor Knut Haugan held tale og ordførar Jarand Felland dela ut blom. Det blei ei fin markering som blei avrunda med is til store og små.
Ein dysleksivennleg skule skal ha gode rutinar og tiltak retta mot elevar med lese og skrivevanskar.
Elevar som har dysleksi, har rett til å:
- Vise sin kompetanse munnleg i fag
- Få tilpassa vekeplan
- Å bruke digitale lærebøker/lydbøker i fag
- Bruke lese og skrivestøtte i all undervisning, på prøver og eksamen
- Få tekstoppgåver lest opp på prøver/eksamen
- Få fritak for skriftleg vurdering i sidemål
- Få utvida tid på prøver
Skulen må innarbeide dysleksivennlege metodar i klasserommet som:
- Systematisk arbeid med lese og læringsstrategiar i alle fag
- God struktur i all undervisning(læringssirkelen)
- Variasjon i metode
- Forklarar nye ord og omgrep
- Visualisering
Meir informasjon finn du på Dysleksi Norge sine heimesider