Alle som skal trene må ha gyldig treningskort. Treningskort kan du få kjøpt i resepsjonen på kommunehuset.
Reglar for trening i Tokkegym:
- Ope måndag – fredag kl. 17.30 – 21 for dei som har booka på førehand
- Du må booke treningstid på www.tokkenett.no
- Du kan booke max ein time per dag
- Det er max 5 personar som kan booke tid samstundes
- Vakta slepper deg inn i Tokkehallen rett før treningstida di
- Bruk handdesinfeksjon når du kjem inn i Tokkehallen
- Registrere deg med namn og telefonnummer i protokollen når du kjem inn i Tokkehallen
- Du kan ikkje bruke garderobane
- Bruk nykkelkortet ditt til å låse deg inn i Tokkegym
- Nykkelkortet ditt er personleg og skal ikkje lånast ut til andre
- Du skal ikkje sleppe andre inn i Tokkegym
- Hald 2 meter avstand til andre når du trenar
- Du skal desinfisere alt treningsutstyret du har bruka
- Dersom du tek med deg eige treningsutstyr skal dette desinfiserast
- Hald god hand, hoste- og nysehygiene
- Unngå unødig berøring av kontaktflater
- Dersom du er sjuk, eller har luftvegssymptom skal du ikkje bruke Tokkegym
- Dersom du ikkje fylgjer reglane til Tokkegym kan du bli bortvist, og nykkelkortet ditt inndrege (treningsavgift vert ikkje refundert)
- Tokkegym kan bli stengd på kort varsel dersom reglane ikkje vert følgde, og ved eventuelt nytt smitteutbrot