21. august vart kulturprisen for 2022 dela ut til Lårdal Vel.

Nestleiar i oppvekst, kultur- og idrettsutvalet, Ursula van Dam, dela ut prisen på familiedagen på Vest-Telemark museum i Eidsborg.

På vegne av Lårdal Vel tok styret ved Sverre Bakke, Liv Astrid Kristensen, Svein Olav Heimdal, Birgit Johanne Kovajord Olsnes, Tone Kristine Auestad og Helge Asle Lundeberg, imot prisen.

Takk til Vest-Telemark museum for eit flott program med song av Inger Synøve Kovajord Hommo og hardingfelespel av Alf Tveit.

 

Gratulerer til Lårdal Vel, og lukke til med det vidare arbeidet!