Med heimel i plan og bygningslovas § 12-8 og § 3-7 blir det varsla at Vestfold og Telemark fylkeskommune startar arbeidet med detaljregulering for reguleringsplan Fv 3408 skredsikring Byrte nord, i Tokke kommune. Hensikten med reguleringsplanarbeidet er å sikre nok areal til snøskredsikring, og tilkomme til desse. Aktuelle snøskredsikringstiltak kan vere terrengtiltak/vollar. 

Planområdet er avgrensa som vist på kart. Endeleg planavgrensning kan avvike noko fra dette.

Varslingskart

Oversiktskart

 

Eventuelle innspel til oppstarten kan sendast skriftleg innan 04.05.2022, merka «Fv 3408 skredsikring Byrte nord» til: Vestfold og Telemark fylkeskommune, Postboks 2844, 3702 Skien, eller på e-post: post@vtfk.no.

Innspel kan sendast som kopi til: postmottak@tokke.kommune.no, eller til Tokke kommune, Storvegen 60, 3880 Dalen.

Innspel kan og sendast interaktivt via verktøyet «Innbyggerdialog i 3D». Link til nettsida: https://bit.ly/3NuQcLf

Har du spørsmål, kan du kontakte Lisbeth Lehn Fosse på epost: lisbeth.lehn.fosse@vtfk.no, eller telefon 959 14 511.

Varslinga blir og lagt ut på Vestfold og Telemark fylkeskommune si nettside: https://www.vtfk.no/meny/tjenester/samferdsel/veiprosjekter/