Med heimel i plan og bygningslovas § 12-8 og § 3-7 blir det varsla at Telemark fylkeskommune startar arbeidet med detaljregulering for reguleringsplan Fv. 450 Vrengen bru, i Eidsborg i Tokke kommune. Føremålet med reguleringsplanarbeidet er å sikre areal for å bygge ny vegstrekning og ny bru.
Planområdet er avgrensa som vist på kart. Endeleg planavgrensning kan avvike noko fra dette.
Varsel om oppstart av detaljregulering
Eventuelle innspel til varsel om oppstart kan sendast skriftleg innan 24.05.2024 merka «Fv. 450 Vrengen bru» til: Telemark fylkeskommune, Postboks 2844, 3702 Skien, eller på e-post til: post@telemarkfylke.no.
Innspel kan sendast med kopi til Tokke kommune, Storvegen 60, 3880 Dalen, eller ved e-post til postmottak@tokke.kommune.no.
Eventuelle spørsmål til planarbeidet kan rettast til Telemark fylkeskommune v/Helene Noraberg på e-post til helene.noraberg@telemarkfylke.no eller på telefon 992 13 274.
Varslinga leggjast også ut på Telemark fylkeskommunes nettside: www.telemarkfylke.no/vrengen