I samband med Tokke kommune si satsing på førebyggande arbeid vart det i fjor oppretta eit prosjekt som heiter «Frå haldning til handling». Førebygging kring born og unge handlar fyrst og fremst om å legge til rette for eit godt oppvekstmiljø for alle, og her er frivillige grupper, lag og organisasjonar viktige støttespelarar og positive krefter. Vi ynskjer å kome i kontakt med dykk frivillige og inviterer til dialogmøte.
Tema for kvelden blir: Haldningar til risikofylt åtferd og førebygging av uønskte hendingar.
Spørsmål de kan tenkje over i forkant av møtet:
Kva hindringar står i vegen for at dei gode haldningane blir omgjort til gode handlingar?
Korleis kan mi gruppe bidrage inn i det førebyggande arbeidet?
Tidspunkt for møta er:
28.11.2022: Høydalsmo samfunnshus kl. 19.00
29.11.2022: Åmdals verk samfunnshus kl. 19.00
06.12.2022: Tokke kulturhus, Gullbjørgsalen, kl. 19.00
Vi gledar oss til å høyre mange gode innspel.
Mvh. arbeidsgruppa i «Frå haldning til handling».