Jobben som badevakt handlar om å ta vare på tryggleiken for gjestene våre og passe på at dei fylgjer reglane som gjeld for basseng og garderobeområdet.
Arbeidstid:
Tokkebadet er opent alle vekedagar kl. 17.00-20.00 og laurdag frå kl. 11.00-15.00. Det er alltid to badevakter på jobb. Arbeidstida for badevakt fylgjer vaktplan og varierer mellom ettermiddag-/kvelds og helgevakter. Badevakta har arbeidstid frå 16.45 til 20.15 Arbeidstid pr. vakt blir då 3,5 timar.
Arbeidsoppgåver:
- Passe på våre gjester inne i badeområdet
- Vere med å bidra til at alle gjestene får ei god brukaroppleving
- Betjene resepsjon/kasse( kontrollere vippsinnbetaling)
Formelle krav:
- Du må vere trygg og tydeleg
- Som badevakt ser vi etter ansvarsfulle og symjedyktige personar over 16 år.
- Du må delta på symje- og livredningskurs
NB! Grenland symje- og livredningsforbund skal ha eit kurs i Seljord 1. mars om du har moglegheit til det. Elles blir det kursstart til hausten.
Ta kontakt med: Hilde Øyane tlf. 35 07 52 29, epost: hilde.oyane@tokke.kommune.no