Formannskapet vedtok i sak 21/ 50 den 15. juni 2021 å leggje framlegg til detaljreguleringsplan for Bakken aust i Høydalsmo, ut på høyring og offentleg ettersyn.
Reguleringsframlegget inneheld to alternative plankart; alternativ 1 med 17 tomter og alternativ 2 med 22 tomter. Val av alternativ skjer gjennom politisk handsaming etter høyringa. Det som skil dei to alternative er storleik og arrondering av bustadtomtene.
Vedlagt følgjer planmaterialet med planomtale som gjer grei for bakgrunn, konsept/ planløysingar, vurdering av innspel, utgreiingar/ krav i planarbeidet, prosess m.m. Vidare ligg dei to alternative løysingane til plankart vedlagt, saman med reguleringsføresegner m.m.
Frist for uttale til planframlegget er 9. august 2021. Uttaler skal sendast postmottak@tokke.kommune.no merka reguleringsplan Bakken aust.
Spørsmål til reguleringsplanen kan rettast til kommunalsjef Gunhild Austjord, tlf 350 75 200.
Plan, næring og teknisk etat