Reguleringsplanar er juridisk bindande arealplanar som må følgjast når det gjeld ved søknader om t.d. frådelingar, bygging, etablering av vegar og andre arealbruksspørsmål og fysiske tiltak. Det er utarbeidd reguleringsplanar i tettbygde område og i hytteområde. Nedanfor ser du kva eigedomar og område som er omfatta av reguleringsplanar. Der det ikkje ligg føre reguleringsplan, er det kommuneplanen sin arealdel som er juridisk bindande i areal- og byggjespørsmål.
Kva er ein reguleringsplan?
Ein reguleringsplan er ein politisk vedteken plan over eit avgrensa område. Reguleringsplanen bestemmer korleis området kan brukast og kva som kan byggast der.
Planen består av av eit kart med konkrete føringar for kva formål eigedomen har og kva som kan gjerast på eigedomen, til dømes kor høgt og stort du kan bygge. Dersom du planlegg å bygge på ein eigedom, må du fyrst undersøke kva for reguleringsplan som gjeld for den aktuelle eigedomen.
To typer reguleringsplanar
Det finst to typer reguleringsplanar - områderegulering og detaljregulering.
Områderegulering lagast av kommunen og styrer utviklinga i eit større område, til dømes Dalen sentrum.
Detaljreguleringar er planar for mindre område til dømes bustadfelt, hyttefelt eller vegstrekning. Både kommunen, privatpersonar, utbyggarar og andre initiativtakerar kan koma med forslag til ei detaljregulering, men det er fagpersonar som arkitektar og arealplanleggarar som utarbeidar planforslaget.
Det er kommunestyret i Tokke som vedtek reguleringsplanane.
Korleis kan du påvirke reguleringsplanen?
Ein viktig del av arbeidet med reguleringsplanen er å få innspel frå innbyggarane. Du kan koma med innspel til to rundar i planarbeidet: Når planarbeidet startar (ved varsel om oppstart) og når forslaget er klart (ved offentleg ettersyn). I begge rundane får naboar, grunneigerar og relevante offentlege organ varsel om planarbeidet. Planarbeidet vert også kunngjort i Vest-Telemark blad og her på Kunngjering av planar til høyring. I kunngjeringane står det korleis du kan koma med merknader og innspel, og kven du skal rette dei til.
Varsel om oppstart
Når nokon skal lage ein reguleringsplan, må dei varsle om oppstart av planarbeidet til naboar og andre som blir berørt av planen. Dersom du har fått eit slik varsel og har spørsmål eller innspel til planarbeidet, sender du dei til den fagkunnige som står som avsendar. Fristen er opptil seks veker.
Offentleg ettersyn
Når me har motteke planforslaget , skal alle få moglegheit til å koma med innspel. No inneheld planforslaget detaljerte beskrivingar, kart og føresegner og andre utgreiingar. Dersom du har merknader og innspel, sender du dei direkte til oss, dette står i Kunngjeringa. Fristen for å koma med merknader i denne runden er minst seks veker.
Etter runden med offentleg ettersyn, skal kommunen og den som har laga planforslaget, vurdere kva for uttaler/merknader som skal påverke planforslaget. Den som har laga planforslaget oppdaterer så forslaget, og planforslaget blir sendt til politisk handsaming i formannskapet og endeleg vedtak i kommunestyret.
Fritidsbustader
Plankart og føresegner | |
---|---|
10/1 Skatter | Plankart Føresegner |
15/11 Myrbø | Plankart Føresegner |
36/3 Langesælie | Plankart Føresegner |
77/1 Gråndalen hytteområde | Plankart Føresegner |
77/1 Sauli | Plankart VA-plan |
77/3 Buinstøyl | Plankart Føresegner |
104/2,3 Granaroi | Plankart Føresegner |
105/2 Hagaugarne | Plankart Føresegner |
105/7 Hovund | Plankart Føresegner |
105/8 Brurestøyl hyttefelt | Plankart Føresegner |
112/1 Ånovd - Botnedalen | Plankart Føresegner |
113/3,5 Låmyr - Botnedalen | Plankart Føresegner |
118/1 Vendalen | Plankart Føresegner |
123/1 Myrstøyl | Plankart Føresegner |
123/7 Hallbjønnsekken Sør - eldre felt | Plankart Føresegner |
123/7 Hallbjønnsekken Sør III | Plankart Føresegner |
123/9 Svivom I | Plankart Føresegner |
123/22 Svivom II | Plankart Føresegner |
123/23 Svivom III | Plankart Føresegner |
123/28 Borsætoppen | Plankart Føresegner |
123/32 Digernes III | Plankart Føresegner |
123/56 Hallbjønnsekken Vest | Plankart Føresegner |
123/56 Hallbjønnsekken F8 | Plankart Føresegner |
127/1 Neverdalen u/Tveiten | Plankart Føresegner |
132/3 Aamli nedre - Hylebu | Plankart Føresegner |
134/1 Tveiten Søndre - Hylebu | Plankart Føresegner |
137/3 Glosliheia - revidert | Plankart Føresegner |
137/3 Glosliheia - eldre plan | Plankart Føresegner |
137/5 Grimdalsbakkane | Plankart Føresegner |
138/4 Fjøddhommen - Hylebu | Plankart Føresegner |
Sentrumsområder - bustad, næring, industri m.m
Plankart og føresegner | |
---|---|
20050004 Dalen | Plankart Føresegner |
19970001 Høydalsmo Sentrum | Plankart Føresegner |
20110002 Høydalsmo Aust | Plankart Føresegner |
19900001 Lårdal | Plankart Føresegner |
19780001 Åmdals Verk | |
10221970 Bakken Aust | Plankart Føresegner |
20130002 Modalen-Dalåi | Plankart Føresegner |
Andre reguleringplanar
Plankart og føresegner | |||
---|---|---|---|
Rassikring Fv 450 Voilen | Plankart Føresegner | ||
26/8 Rui | Plankart Føresegner | ||
34/8 Vest-Telemark Museum | Plankart Føresegner | ||
43/1 Rogdeli massetak | Plankart Føresegner | ||
69/1 Kvåle steinbrot | Plankart Føresegner | ||
99/2 Liotoppen massetak | Plankart med føresegner | ||
120/3 Dalaåi massetak/deponi | Plankart Føresegner | ||
|
Plankart Føresegner | ||