Visar til tidlegare varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid på Fyrå i 2020.
Planområdet som blei varsla om i fjor, førte til mange spørsmål kring utbygging i nye område mot aust, behov for fleire nye vegar, krav til kulturminneregistreringar m.m. Av den grunn blei det teke opp ny politisk sak, der med rådde til at planområdet blei redusert til å gjelde områda kring eksisterande hytter. Sjå vedlagt sak med vedtak, saman med kart med ny avgrensing av planområdet.
Utover endra plangrense, så gjeld framleis føringane i saka 19/71:
- Tokke kommune tek arbeidet med utarbeiding av reguleringsplan, og vurderar eit høveleg antal nye hyttetomter kring eksisterande hytter.
- Tokke kommune tek ikkje kostnader med opparbeiding, drift og vedlikehald av vegar, evt. utgifter til anna infrastruktur ved behov for oppgradering av området.
- Reguleringsplan må ta omsyn til skiløyper og Fyrålåmi.
- Reguleringsplanen skal ha som mål å oppgradere hyttefeltet med avklaringar om betra sanitær standard, hyttestorleik osv
Til oppsitjarane i området, så ber me om at dei som ynskjer synfaring i høve til framføring av veg til hyttene, tek kontakt med skog- og utmarksrådgjevar Per Wraa eller kart- og oppmålingsingeniør Tommy Vadder Hansen på tlf 350 75 200. Me oppmodar om at fleire gjerne går saman om synfaringar, slik at me kan finne gode, fellesløysingar for vegar m.m.
Avkøyringar til området frå Fv 450 må i prosessen vurderast saman med vegeigar fylkeskommunen i høve til sikt m.m.
Innspel som er send inn tidgare ved fyrste varsle om oppstart av reguleringsplan, blir teke med vidare i prosessen for det som gjaldt innafor det noverande planområdet, dvs innafor eksisterande hyttefelt.
Frist for innspel til planarbeidet/ endra plangrense er 9. august 2021. Innspel skal sendast til postmottak@tokke.kommune.no.
Plan, næring og teknisk etat